- Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign
- Helse- og oppvekstfag
- Idrettsfag
- Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Kombinasjonsklasse
- Kunst, design og arkitektur
- Musikk, dans og drama
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Sal, service og reiseliv
- Studiespesialisering
- Vaksenopplæring

Velkomen til Voss gymnas!
Voss gymnas har ei flott plassering, i sentrum av Voss. Her er kort veg til alt! Skulen var ny i 2017 og tilbyr fantastiske fasilitetar innanfor alle våre åtte utdanningsprogram. Me har omlag 600 elevar fordelt både på studieførebuande og yrkesretta utdanningsprogram. I tillegg tilbyr skulen påbygging til studiekompetanse, vaksenopplæring, innføringsklasse og kombinasjonsklasse for minoritetsspråklege elevar. Om lag 120 tilsette arbeider ved Voss gymnas.
Voss gymnas er ein MOT-skule
Voss gymnas jobbar systematisk og målretta for å skape eit godt skulemiljø fordi me veit at det er grunnlaget for eit godt læringsmiljø.
Foreldremøte og føredrag tysdag 27. januar
Tysdag 27. januar inviterer Voss gymnas alle føresette/foreldre til føredrag i Gymnashallen kl. 18:00-19:00. Etterpå vert det foreldremøte for vg1 kl. 19:00-19:45.Aktuelle saker
11.12.2025
Foreldrerettleiing ICDP - oppstart i januar 2026
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har tilbod om ICDP-foreldrerettleiingsgruppe for foreldre i Voss herad med born i alder 0-18 år. Kurset er gratis.
06.08.2025
Låneavtale for lærebøker og anna utstyr
Før du låner lærebøker på skulen, må du signera ein digital lånekontrakt. Er du under 18 år skal også føresette underteikna.