Her finn du informasjon om lokal eksamensplan, praktiske opplysningar og tilrettelegging av eksamen.
Eksamen
Sentralt gjeve skriftleg eksamen er ei sluttvurdering, der kandidaten skal få høve til å syne kompetansen sin ved å løysa ei oppgåve og/eller ei kompleks utfordring. Det er læreplanen som er utgangspunkt for utarbeiding av eksamensoppgåvene. Kompetansemåla i læreplanen er grunnlaget for vurdering av kompetansen kandidaten syner i eksamenssvaret.
Eksamensperioden for sentralt gjevne skriftlege eksamenar for våren 2024 er: 21. mai til 31.mai. Offentleggjering av trekk er 15. mai kl. 09:00, gjennom oppslag i VIS.
Munnleg og munnleg-praktisk eksamen er ein lokalt gjeven eksamen. Det betyr at organisering, trekking av fag og elevar, datoar, sensorskulering, hjelpemiddel og eksamensoppgåver er eit lokalt ansvar.
Munnleg og munnleg-praktisk eksamen ved Voss gymnas vert i hovudsak gjennomført 14. juni og 20. juni. Offentleggjering av trekk er 48 timar før eksamen, kl. 09:00, gjennom oppslag i VIS.
Obligatorisk tverrfagleg eksamen for Vg2 yrkesfag vert gjennomført i veke 23 og 24.
Vitnemål
Vitnemål vert gjeve som dokumentasjon for bestått opplæringsløp og gjev studiekompetanse. For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet, i samsvar med læreplanverket, vera bestått. Fyrstegongsvitnemål vert gjeve til den som ved utløpet av normal tid har bestått vidaregåande opplæring som gjev generell studiekompetanse.
Kompetansebevis
Kompetansebevis vert skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Kompetansebeviset skal syne kva standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådd på dåverande tidspunkt og kan skrivast ut etter Vg1, Vg2 eller Vg3.
Klagehandsaming
Elevar kan klage på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Klagefrist er normalt 10 dagar frå offentleggjering av karakter (publisert på Skulearena). Ei kort rettleiing for elevar ligg på denne sida: www.vestlandfylke.no/standpunkt.