Voss gymnas vil skapa eit godt skulemiljø, og legga til rette for at elevane skal ha maksimalt utbyte av opplæringa. Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det.
Helsesjukepleiar
Trefftid:
Måndag kl. 09:00-14:00 (Ranveig)
Tysdag kl. 09:00-13:00 (Ranveig i partalsveker)
Onsdag kl. 09:00-14:00 (Ranveig )
Torsdag kl. 09:00-14:00 (Lene)
- Har du noko du lurer på, eller har utfordringar i høve til psykisk eller fysisk helse, rus, trivsel, heime, vener eller skule?
- Ynskjer du nokon å snakke med?
- Treng du prevensjon?
- Gratis kondom til gutar og jenter
- Ynskjer du å teste deg for kjønnssjukdom?
Ynskjer du time: Ta kontakt i trefftida, send sms, e-post eller ta kontakt med lærar/kontorpersonale.
Helsesjukepleiar: Lene Ringheim Rognebakke, Tlf: 95 26 20 51
Ta kontakt på e-post: lene.r.rognebakke@voss.herad.no
Helsesjukepleiar: Ranveig Hernes Tlf: 48 01 45 55
Ta kontakt på e-post: ranveig.hernes@voss.herad.no
Helsestasjon for ungdom er open kvar måndag 14.30 – 16.30 (Knutepunktet, Gurid Almenningens Plass 1).
Helsesjukepleiar har teieplikt og kan hjelpe vidare til fastlege eller annan instans når eleven er einig og etter behov. Helsesjukepleiar samarbeider med skulen i ressursteammøte, med kontaktlærarar, elevinspektør og rådgjevarar. Helsesjukepleiar kan gje råd og vere pådriver i saker som påverkar elevane si helse og trivnad på skulen.
Tid hjå helsesjukepleiar reknast ikkje som fråvær når det er dokumentert.
Kva kan du ta opp?
- Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
- Kroppslege plager
- Skulemeistring
- Vanskelege tankar
- Søvnvanskar
- Psykiske vanskar, som depresjon, angst eller sinne
- Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar eller spørsmål om seksualitet
- Prevensjonsrettleiing og resept på prevensjonsmiddel
- Vektvanskar, vanskelig forhold til mat og inntak av næring
- Vanskelige heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien. Rusmiddelbruk hjå deg sjølv eller nokon du kjenner
- Bruk av "anabole steroidar"
- Utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep
- Vanskar med å bu i Noreg
Helsestasjon- og skulehelsetenesta
Helsetenesta utfører helsefremjane og førebyggande helsearbeid for ungdom mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstilbodet.
Helsestasjonen kan hjelpe med å formidle kontakt og samarbeid med andre tilsette innan helsetenesta, barnehage, PPT, psykolog, tannhelsetenesta, sosialtenesta, fysioterapitenesta og andre tenester i heradet.
Helsestasjon for ungdom er gratis, og du treng ikkje bestille time.
Skulelege
Elevar skal nytte eigen fastlege. Dei som ikkje har fastlege på Voss bør få seg fastlege på Voss. Ynskjer du å byte fastlege må du logge deg inn på helsenorge.no.
Er det akutt, er legevakta eit alternativ.
Fysioterapeut
Fysioterapeut i vidaregåande skule arbeider med tiltak som skal førebyggje helseplager hjå dei unge ved vurderingar, rettleiing og tilrettelegging. Helsesjukepleiar kan tilvise til fysioterapeut, og elevane må ikkje betale eigendel.
Elise Boysen er kommunal fysioterapeut.