Hopp til hovedinnhold

Foredrag med Adil Khan - Inspirasjonskveld for foreldre

Føresette kan få med seg foredrag med Adil Khan måndag 20. januar kl. 18 i Gamlekinoen. Elevane i dei vidaregåande skulane på Voss får oppleva Adil Khan i skuletida dagen etter.

Kom og høyr spanande foredrag og møt nokre av dei som arbeider saman for at ungdomane våre skal ha det bra.

Måndag 20. januar kl 18 inviterer Voss Frivilligsentral, Voss herad, Kirkens Bymisjon, Voss Røde Kors, Åwesome Foredrag og Adil Khan alle føresette til eit foredrag om psykisk helse i Gamlekinoen. Elevane i dei vidaregåande skulane på Voss får oppleva Adil Khan i skuletida dagen etter.

Adil Khan er for mange kjend som vinnaren av den fyrste sesongen av So You Think You Can Dance på TV Norge, dommar i Norske Talenter på TV 2, og programleiar for Adils hemmelege dansere på NRK. Programmet vart nominert til Gullruten for begge sesongane. Han har stått på dei største teaterscenane i Noreg og har fått ei rekkje prisnominasjonar for rollar i TV, film og teater. Talentet og formidlingsevna hans har gjort han til ein kritikarrost skikkelse i kulturbransjen.

Foredraget Motstand = styrke har vorte omtalt som oppsiktsvekkjande, usminka, brutalt, samfunnskritisk og ærleg. Adil snakkar om korleis kvar enkelt av oss kan få kontakt med sinnet vårt og den indre dialogen som ofte kan jobba imot oss. Dagens samfunn pregar oss med ein sterk forventnings- og prestasjonskultur, der det stadig er eit jag etter suksess og stadfesting. Adil sin imponerande CV vitnar om stor suksess, men den indre tomleiken han har kjend gjennom livet, er noko han no set ord på.

Foredraget skildrar ein oppvekst prega av mobbing, rasisme, utanforskap, truslar, vald, sosial angst og ekstreme forventningar frå både foreldre, skule og miljø.

Adil har ei unik evne til å avtabuisere vanskelege tema og stigma knytt til psykisk helse. Han gir menneske eit språk for å uttrykka kompliserte tankar og kjensler. Som lærarar, ungdomsarbeidarar og foreldre har me ei nøkkelrolle i utviklinga til ungdom. Me er med på å forma dei som menneske gjennom normene, verdiane og kunnskapen me gir dei – i barnehagen, på skulen og i livet elles. Adil reflekterer rundt dette i foredraget og deler døme på nøkkelpersonane han sjølv har hatt i livet sitt, og kva det har ført til. Han gir også konkrete verktøy og teknikkar for betre kommunikasjon med ungdom.

Problemstillingar i foredraget:

  • Kva påverknadskraft har me som vaksne på ungdom og handlingane deira?
  • Korleis kan me sjå ungdommen for den dei er, og støtta dei på vegen vidare?
  • Korleis kan me som vaksne tilpassa kommunikasjonen for å skapa openheit, dialog 
       og trygge omgivnader for ungdom?

Praktisk informasjon:
Dørene opnar kl. 18.00 i Gamlekinoen, og foredraget startar kl. 18.30. 
Foredraget varar til ca. kl. 20.30.
Frå kl. 18.00 vil du møte heletenesta i heradet, Mental Helse, Natteravn, Røde Kors, Kirkens Bymisjon, Gryto med ungdomsavdelinga i heradet, politiet med meir.
Kaffi blir servert. 

Velkomen!