Hopp til hovedinnhold

Foreldrerettleiing ICDP - tilbod med start i januar 2025

Voss helsestasjon og skulehelseteneste har tilbod om gratis foreldrerettleiingsgruppe til foreldre i Voss herad med born i alder 0-18 år.

Kjærleik og respekt er sentralt i borna sine liv. Gjennom programmet kan du møta andre foreldre i gruppe for å utveksle erfaringar om forholdet til borna dine. Målet er at den enkelte forelder skal vera trygg forelder, ved å bli bevisste på kva ein gjer som er bra for borna. Du får inga ferdig oppskrift, men hjelp til å finna eigne løysingar for deg og ditt barn.

Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dykkar erfaringar frå kvardagen. Fokus er retta mot korleis foreldre oppfattar borna sine.

For meir informasjon om kva ICDP er: https://www.icdp.no/hva-er-icdp/   

Gruppa består av 6-8 føresette og 2 rettleiarar. Det er lagt opp til seks gruppemøte.

Desse møtene skjer på Knutepunktet onsdagar mellom kl 13.30 og kl 15.00.
Oppstart er 29. januar og skjer kvar onsdag unntatt i veke 8, då er det vinterferie.

Meld di interesse på e-post: charlotte.w.larsen@voss.herad.no  eller brit-tone.rokne@voss.herad.no

Påmeldingsfrist innan 15. januar 2025. Meld i frå om de melder på ein eller to føresette.