Dette er faget for deg som er kreativ og interessert i IT, nettverk og visuelle uttrykksformer. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje informasjonsteknologi og medieproduksjon?
Er du interessert i data, teknologi og programmering? Me tilbyr ei kreativ og teknologisk utdanning som gjer at du vert rusta til å arbeide med IT-utvikling eller IT-drift etter to år på skule. I yrkesfagleg fordjuping samarbeider skulen med bedrifter der du kan få prøve deg i praktisk arbeid og lære om kva som krevst av deg som yrkesutøvar.
Teknologi og tekniske løysingar finst overalt i kvardagen og i arbeidslivet. Verksemder og næringsliv har eit stort behov for tilsette med IT-kompetanse, som kan sikra stabil, effektiv og trygg drift av IT-system, samt eit behov for kreativ arbeidskraft som kan utvikle og programmere gode digitale løysingar.
Kva lærer du om?
- Dataopplæring
- Maskinvare og datanettverk
- IT-sikkerheit
- Drone og VR-briller
- Kunstig intelligens
- Programmering
- Lyd, bilete og film for digitale medier
Fag og timetal
Fag | Timetal vg1 | Timetal vg2 |
Norsk | 0 | 4 |
Engelsk | 5 | 0 |
Matematikk | 3 | 0 |
Naturfag | 2 | 0 |
Samfunnskunnskap | 0 | 3 |
Kroppsøving | 2 | 2 |
Felles programfag | 17 | 17 |
YFF | 6 | 9 |
Sum timetall per veke | 35 | 35 |