Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.
Kombinasjonsklasse
Er du nettopp kome til Noreg eller har budd her kort tid, rår me deg til å velje kombinasjonsklassen før du søkjer deg inn på eit ordinært vg1 utdanningsprogram.
Kombinasjonsklassen er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før du søkjer deg til ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.
Som elev i kombinasjonstilbodet brukar du ikkje av retten din til vidaregåande opplæring, sjølv om undervisninga går føre seg på ein vidaregåande skule.
Målet for opplæringa er at du skal oppnå eit best mogleg grunnlag for å gjennomføre og bestå vidaregåande opplæring.
Når du har gjennomført og bestått opplæringa gjennom kombinasjonstilbodet, vil du få eit vitnemål med karakterar som du kan bruke for å søke inntak til vidaregåande opplæring.
I tillegg til å oppnå betre faglege og norskspråklege ferdigheiter, kan du med eit bestått vitnemål konkurrere på lik linje med alle andre søkjarar til vidaregåande opplæring vg1.
For å søke inntak til dette tilbodet, må du ha eit A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg før du startar. Om du ikkje har A2-nivå i norsk, rådar vi deg til å ta meir norskopplæring i kommunen din.
Faga du har i kombinasjonsklassen er: Norsk, samfunnskunnskap, matematikk, engelsk, naturfag, kroppsøving og utdanningsval.