Hopp til hovedinnhold

Kunst, design og arkitektur

Trykk laga av KDA.

Er du kreativ og vil lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du kan dermed ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Me tilbyr

Du vil møte ein kombinasjon av programfag og fellesfag. Programfaga er kunst og visuelle verkemiddel og design og arkitektur. I tillegg tilbyr skulen det valfrie programfaget foto og grafikk.

Voss gymnas har særs gode fasilitetar for kreative fag med heilt nye og godt utstyrte verkstader av ulike typar. 

Kvifor kunst, design og arkitektur?

Dersom du har lyst å utvikle dine kreative evner, samstundes som du får studiekompetanse, er dette eit godt val.

Erfaringa du tek med deg frå dette utdanningsprogrammet, vil vera til god nytte dersom du vil gå vidare med kreativ utdanning. Samstundes er det eit godt utgangspunkt for mange andre yrke, som til dømes lærar, førskulelærar, sosionom og økonom.

Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2 Timetal vg3
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 0 2 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Norsk 4 4 6
Religion og etikk 0 0 3
Samfunnskunnskap 0 3 0
Design og arkitektur 5 5 5
Programfag 0 5 10
Kunst og visuelle virkemiddel 5 5 5
Sum timetal per veke 35 35 35

Første året

På vg1 er klassen samla i stort sett alle timar. Av ordinære fellesfag skal klassen ha norsk, naturfag, kroppsøving og engelsk.

Framandspråk

Framandspråk gjev deg god kompetanse, både i vidare studium og i arbeidslivet. Voss gymnas tilbyr opplæring i spansk, tysk og fransk. Om du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen, må du ta spansk over tre år ved Voss gymnas. Om du hadde framandspråk på ungdomsskulen, er det vanleg å fortsette med dette språket i to år på Voss gymnas.

Matematikk

Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar men varierer med omsyn til innhald. P-matematikk er meir praktisk, medan T-matematikk er meir teoretisk.

Felles programfag

Faget kunst og visuelle virkemiddel er faget for deg som likar å gjera kreative ting. Du lærer å teikne og å male og arbeider med ulike material og reiskap. Vidare arbeider me med foto og digitale bilete.

I design og arkitektur lærer du å utvikle og forme ulike produkt og fysiske omgjevnader, og å jobbe med stad- og byutvikling. Faget gir deg kunnskap om brukarorienterte prosessar og medverknad med vekt på utvikling av framtidsretta og langsiktige løysingar, og forståing for berekraft og samfunnsansvar.

Opplæringa legg til rette for praktisk arbeid, og ho skal fremje idéutvikling og kreativitet. Bruk av materiale og ulike typar verktøy, medrekna digitale, inngår i arbeidet for å framstille løysingsforslag, prototypar, ferdige modellar og presentasjonar. 

Andre året

På vg2 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, samfunnsfag, geografi, historie og kroppsøving.

Du fortsett med framandspråket du hadde på vg1.

På Vg2 skal du ha 2P-matematikk. 

Felles programfag

Kunst og visuelle virkemiddel er faget for deg som likar å gjera kreative ting. Du lærer å teikne og å male og arbeider med ulike material og reiskap. Vidare arbeider me med foto og digitale bilete.

I faget design og arkitektur lærer du å utvikle og forme ulike produkt og fysiske omgjevnader, og å jobbe med stad- og byutvikling. Faget gir deg kunnskap om brukarorienterte prosessar og medverknad med vekt på utvikling av framtidsretta og langsiktige løysingar, og forståing for berekraft og samfunnsansvar.

Opplæringa legg til rette for praktisk arbeid, og ho skal fremje idéutvikling og kreativitet. Bruk av materiale og ulike typar verktøy, medrekna digitale, inngår i arbeidet for å framstille løysingsforslag, prototypar, ferdige modellar og presentasjonar. 

Valfrie programfag

I faget arktektur og samfunn ser me på miljøvenleg design, materialval og produksjon samt designval som spelar på lag med omgjevnaden.

I faget design og berekraft lærerer du korleis du som arkitekt eller designer kan arbeide på ein miljøvenleg måte. Som forbrukar er det viktig å gjere miljøvenlege val. 

I faga foto og grafikk 1 og 2  lærer du å fotografere og å arbeide med ulike grafiske teknikkar.

I faget Kunst og skapande arbeid lærer du korleis kunst vert nytta som visuelt språk. Me arbeider

med korleis kunst påverkar samfunnet og du vil finne ditt eige uttrykk.

Tredje året

På vg3 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, historie, religion og kroppsøving.

Felles programfag

Kunst og visuelle virkemiddel er faget for deg som likar å gjera kreative ting. Du lærer å teikne og å male og arbeider med ulike material og reiskap. Vidare arbeider me med foto og digitale bilete.

I design og arkitektur lærer du å utvikle og forme ulike produkt og fysiske omgjevnader, og å jobbe med stad- og byutvikling. Faget gir deg kunnskap om brukarorienterte prosessar og medverknad med vekt på utvikling av framtidsretta og langsiktige løysingar, og forståing for berekraft og samfunnsansvar.

Opplæringa legg til rette for praktisk arbeid, og ho skal fremje idéutvikling og kreativitet. Bruk av materiale og ulike typar verktøy, medrekna digitale, inngår i arbeidet for å framstille løysingsforslag, prototypar, ferdige modellar og presentasjonar. 

Valfrie programfag

Utdanningsprogrammet har fire valfrie programfag. På Voss gymnas vert det, i skuleåret 2022-23, tilbod om foto og grafikk.

Vegen vidare

Etter fullført og bestått tre år i skule har du fått studiekompetanse og kan søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg kan du få gode tips hjå samordna opptak og utdanning.no