Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.
Me tilbyr
Dette er studiet for deg som ønskjer eit godt fagleg grunnlag for vidare utdanning innan mellom anna. musikk. På musikklina blir instrument, samspel og musikalsk utvikling ein raud tråd gjennom heile skuletida di.
I tillegg til fokus på fordjupingsinstrumentet ditt, vil du få undervisning i blant anna song, pianospel, kor og samspel og få innblikk i musikkhistorie, teori og praktisk musikklære, innan stilartar som til dømes jazz, rock eller klassisk,
Som elev på musikklina får du vere med på konsertar både som utøvar og tilhøyrar, og kvart tredje år har vi ei større framsyning med musikk, dans og drama der alle musikkelevane er med.
Søkjer du musikklina som første prioritet får du tilbod om eit prøvespel. Denne er ikkje obligatorisk, men du kan få tilleggspoeng for musikalsk dugleik. Dei aller fleste elevane kjem inn på grunnlag av karakterar og dei ordinære poenga dei har frå ungdomsskulen.
Utdanningsprogram for musikk, dans og drama har 15 elevplassar på vg1, og 15 elevplassar på vg2 og 15 på vg3. Programområde er sett saman av både teorietiske og praktiske fag.
På Voss gymnas tilbyr vi vg1 grunnkurs i Musikk, dans og drama, og vg2, vg3 fordjuping i musikk.
Kvifor musikk, dans og drama?
Ynskjer du å studere musikk på høgskular i Noreg eller i utlandet? Eller ynskjer du generell studiekompetanse samstundes som du får utvikla musikkinteressa di? Ei brei kompetanse innan musikk er nyttig anten du skal søkje vidare studiar innan musikk, eller du ønskjer å vere ein ressurs i det lokale kulturlivet generelt.
Hos oss får du eit musikkmiljø prega av samspel og musikkglede, med opplæring i praktiske musikkfag og solid fagleg innføring i musikalske emne. Her lærer du å utvikle deg saman med andre som deler dine interesser, i samspel med lærarar som engasjerer seg i kvar enkelt elev.
Fag | Timetal vg1 | Timetal vg2 | Timetal vg3 |
Norsk | 4 | 4 | 6 |
Matematikk | 5 | 3 | 0 |
Engelsk | 5 | 0 | 0 |
Naturfag | 5 | 0 | 0 |
Framandspråk | 4 | 4 | 0 |
Samfunnskunnskap | 0 | 3 | 0 |
Geografi | 0 | 2 | 0 |
Religion | 0 | 0 | 3 |
Historie | 0 | 2 | 4 |
Programfag | 12 | 17 | 22 |
Sum timetal per veke | 35 | 35 | 35 |