Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.
Kva er påbygging til generell studiekompetanse?
Påbygging til studiekompetanse er eit utdanningsløp i 3. klasse (vg3). Det høver for deg som tidlegare har gått yrkesfag på vg1 og vg2 og som no ynskjer å få generell studiekompetanse. Avhengig av kva du har fått undervisning i tidlegare, vil timeplanen din verta lagt opp slik at du får tilstrekkeleg med timar til å få vitnemål og kunne koma inn på høgskular og universitet.
Påbygging har mykje teori med mykje fagstoff i, til dømes faga norsk (10 timar/veke), historie (5 timar/veke) og matematikk (5 timar/veke). Sidan kurset har eit komprimert løp, opplever mange at dette kurset inneber mykje arbeid og kan vere vanskeleg å koma gjennom. Med generell studiekompetanse har du grunnlag for inntak til universitet og høgskule, og krava for inntak tilseier at påbygging til studiekompetanse kan opplevast som eit «tøft år» for mange elevar.
Kvifor velje påbygging til studiekompetanse?
Påbygging til studiekompetanse høver spesielt godt for deg som har gått yrkesfag og som er motivert for å arbeida med teoretiske fag. Etter eit år på påbygg kan du gå vidare til studiar på universitet og høgskular.
På Voss gymnas er påbygging til studiekompetanse sett opp med ulike faste fag og i tillegg eit programfag som kan veljast.
Fag | Timetal |
Historie | 5 |
Kroppsøving | 2 |
Matematikk | 5 |
Naturfag | 3 |
Norsk | 10 |
Programfag | 5 |
Sum timetal per uke | 30 |