Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje sal, service og reiseliv?
Dersom du vel linja sal, service og reiseliv får du ei utdanning som opnar for ei rekke spennande karrieremogelegheiter innanfor sal, marknadsføring og reiseliv. I dei to fyrste åra vil ein knyta kjennskap til yrkeslivet gjennom arbeidspraksis i skuletida. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli
Me tilbyr
Med sal, service og reiseliv vil du møte ei utdanning der du og klassen vil få mange bedriftsbesøk og studieturar i regionen. Du får også arbeidsoppdrag frå ulike arrangørar/festivalar på Voss og jobbar med lærestoffet på kreative måter. Du skal ha det kjekt når du lærer. Utdanninga er både praktisk retta samtidig som ein får teoretisk kunnskap innan service, marknadsføring, innovasjon og berekraft.
Fag | Timetal vg1 | Timetal vg2 |
Norsk | 0 | 4 |
Engelsk | 5 | 0 |
Matematikk | 3 | 0 |
Naturfag | 2 | 0 |
Samfunnskunnskap | 0 | 3 |
Kroppsøving | 2 | 2 |
Felles programfag | 17 | 17 |
YFF | 6 | 9 |
Sum timetall per veke | 35 | 35 |