Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Me tilbyr
Studiespesialiserande utdanningsprogram gjer deg svært godt kvalifisert til vidare studium ved høgskular og universitet. Du kan ta generell eller spesiell studiekompetanse.
På vg1 er det felles fag, og du har dei fleste timane saman med klassen din.
På vg2 byrjar du å velja programfag. Du kan velja å fordjupa deg i fag innan språk, samfunnsfag, økonomi eller innan realfag.
Programfag vel du frå programområda:
Realfag
Språk, samfunnsfag og økonomi
Ynskjer du eit år på utveksling? Me tilbyr Vg2 i Frankrike.
Kvifor studiespesialisering
Har du ikkje heilt avgjort kva utdanning og jobb du vil sikta deg inn mot? I så fall kan studiespesialisering vera ei god plattform vidare. Du vert godt budd til vidare utdanning, og du kan fordjupa deg i fagområde som du er interessert i - anten du likar språk, samfunnsfag eller ulike realfag.
Realfagskompetanse er sterkt etterspurt av industri, næringsliv og offentlege institusjonar, og kvalifiserer for mange spanande og utfordrande stillingar. Spesiell studiekompetanse får du hjå oss ved å kombinera ulike realfag.
Både språk, samfunnsfag, økonomifag og realfag gjev deg dessutan gode moglegheiter til å påverke og utvikle samfunnet vårt mot ei berekraftig framtid på mange område.
Fag | Timetal vg1 | Timetal vg2 | Timetal vg3 |
Engelsk | 5 | 0 | 0 |
Framandspråk | 4 | 4 | 0 |
Geografi | 2 | 0 | 0 |
Historie | 0 | 2 | 4 |
Kroppsøving | 2 | 2 | 2 |
Matematikk | 5 | 3 | 0 |
Naturfag | 5 | 0 | 0 |
Norsk | 4 | 4 | 6 |
Programfag | 0 | 15 | 15 |
Religion og etikk | 0 | 0 | 3 |
Samfunnskunnskap | 3 | 0 | 0 |
Sum timetal per veke | 30 | 30 | 30 |