Velkomen til Voss gymnas!
Voss gymnas har ei flott plassering, i sentrum av Voss. Her er kort veg til alt! Skulen var ny i 2017 og tilbyr fantastiske fasilitetar innanfor alle våre åtte utdanningsprogram. Me har omlag 600 elevar fordelt både studieførebuande og yrkesretta utdanningsprogram. I tillegg tilbyr skulen påbygging til studiekompetanse, vaksenopplæring, innføringsklasse og kombinasjonsklasse for minoritetsspråklege elevar. Om lag 120 tilsette arbeider ved Voss gymnas.Voss gymnas er ein MOT-skule
Voss gymnas jobbar systematisk og målretta for å skape eit godt skulemiljø fordi me veit at det er grunnlaget for eit godt læringsmiljø.Aktuelle saker
05.03.2024
Foreldremøte for russen 2024
Voss gymnas inviterer til foreldremøte for russen onsdag 20. mars kl 18. Møtet vert på Teams.
06.02.2024
Ledige læreplassar 2024
Medlemsbedrifter i Opplæringskontoret for Indre Hordaland har fylgjande ledige læreplassar.
24.01.2024
Ungdata-undersøkinga 2024
I 2024 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Vestland blant elevar i den vidaregåande skulen.
10.08.2023
Utviklingsstipend til idrettsutøvarar
Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ni stipend à 40 000 kroner til unge lovande idrettsutøvarar. Stipenda går til idrettsutøvarar som markerer seg med gode nasjonale og/eller internasjonale prestasjonar i idrett.